SPRANG KURS MED ANDERS LEFDAL

Me fekk heldigvis akkurat nok deltakarar til å få arrangert sprangkurs i helga. Det vart ei særdeles kjekk og lærerik helg for alle. Fredag var det bomarbeid som stod på planen, og hestane fekk varma seg skikkeleg godt opp for resten av helga. Laurdag hadde me litt enkelthider og stuss/gymnastikkhopping. På ettermiddagen var det servert lapskaus og me hadde teoriundervisning om forskjellige metodar for longering, laushopping og litt om mønstring av hest osv..

Anders vil gjerne komme tilbake og ha kurs for oss gjamnleg, MEN vi treng sårt fleire deltakarar. Denne gongen klarte vi akkurat og få nok deltakarar då det vart nokon enkelt timar med køyring, og dressur/bommarbeid. Kurset kostar 1500kr for fredag, laurdag (då også med teorikurs), og søndag, her får ein masse valuta for pengane. Neste kurs vil truleg bli allereide i Januar!

Bli med neste gong då vel :)