Tangen Rideklubb arrangerte KM i dressur i helga og då var det fire frå klubben som tok turen innovert til Seimsdalen.
Lisa Marie Hjellhaug og Black Magic starta med fine resultat på laurdagen. LC 56,800% og LB 52.727%. Stine Huseby og Lakaj starta LB same dag og fekk 60,455%. Siri Havelen Hatlevoll og Bakkens Tord Starta LA og fekk 62,222%
Dei hadde og meldt seg på KM Lag men nådde ikkje plassering der.
Søndag starta Margit Hope og Bakkens Tord LC og vart belønna med 60,800%
Siri og Tord gjorde eit fint program og stakk av med Bronseplass i KM individuelt i LA, dei fekk 61,613% Gratulerar so mykje!
Klikk på bilete for å sjå fleire..